Oppdatert 20.4.2018
IL Skarphedin inviterer til rulleskisprint (fristil) i Bø i Telemark, laurdag 30. juni. Arrangementet er ein del av Sommarland skifestival.
Prolog og finaleheat går i same løype i Bøgata og Stasjonsvegen. Prologen vil bli gjennomført puljevis pga. trafikkavvikling i Bø sentrum.
Startlistene i prologen blir sortert etter FIS-poeng der dei raskaste løparane startar fyrst. Landslagsløparar vil vere kvalifisert til kvartfinalane utan å gå prologen.
Finaleoppsettet vil følgje skiforbundet sin modell for sprintrenn, men ingen løparar går vidare som «lucky loosers». Arrangøren deler i staden ut to «wildcards» til semifinalane og finalen.
Oppslagstavla ved start vil vise resultat etter prologen og deltakarane i dei ulike finaleheata.
Løparane må hente startnummer og tidtakarbrikke i start- og målområdet før prologen. Alle løparar går på låneski frå Swenor. Utlån av ski skjer også i start- og målområdet.
Dei tre beste løparane får premie på Bø torg ved kommunehuset etter finalane.
Resultatlistene vert lagt ut på www.sommarlandskifestival.no/sommarlandsprinten etter rennet.
Gratis parkering i Bø sentrum og ved Gullbring Kulturanlegg.
Løparar som ikkje overnattar i Bø denne helga, kan nytte garderobar i Gullbring Kulturanlegg.
Lars Roe, Heddal IL, er TD for Sommarlandsprinten 2018.
Langrennsgruppa i IL Skarphedin arrangerer både sommarskiskule og Sommarlandsprinten.
Rennleiar: Terje Wold. E-post: terje53 (at) outlook.com
Ass. rennleiar: Christian Dahl. E-post: christian.dahl (at) bo.kommune.no
Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.