Håndballcup Fotballcup Sommarlandfestivalen

Informasjon til løparar

Oppdatert 26.6.2018

IL Skarphedin inviterer til rulleskisprint (fristil) i Bø i Telemark, laurdag 30. juni. Arrangementet er ein del av Sommarland skifestival.

Prolog og finalar

Prolog og finaleheat går i nesten same løype i Bøgata og Stasjonsvegen. Traséen gjennom rundkjøringa blir litt endra etter prologen.  Sjå løypekart nedst på denne sida.

Startintervall i prologen vil vere 15 sekund. Startlistene i prologen blir sortert etter FIS-poeng der dei raskaste løparane startar fyrst. Landslagsløparar vil vere kvalifisert til kvartfinalane utan å gå prologen.

Finaleoppsettet vil følgje skiforbundet sin modell for sprintrenn, men ingen løparar går vidare som «lucky loosers». Arrangøren deler i staden ut to «wildcards» til semifinalane og finalen.

Oppslagstavla ved start vil vise kven som går i dei ulike finaleheata.

Startnummer, brikke og rulleski

Løparane må hente startnummer og tidtakarbrikke i start- og målområdet før prologen. Løparar som skal gå finalar, brukar same startnummer som i prologen. Startnummera skal brukast på sundag, og løparane må levere nummer-vesten rett etter målgang.

Alle løparar går på låneski frå Swenor. Utlån av ski skjer også i start- og målområdet.

Premiering

Dei tre beste løparane får premie på Bø torg ved kommunehuset etter finalane.

Offisielle resultatlister

Resultatlistene vert lagt ut på nettsida etter rennet.

Parkering

Gratis parkering i Bø sentrum og ved Gullbring Kulturanlegg.

Garderobar

Løparar som ikkje overnattar i Bø denne helga, kan nytte garderobar i Gullbring Kulturanlegg.

Teknisk delegert (TD)

Lars Roe, Heddal IL, er TD for Sommarlandsprinten 2018.

Developed by Aplia - Powered by eZ Publish and tellUsPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.