Håndballcup Fotballcup Sommarlandfestivalen

Nytt om Sommarlandsprinten

Oppdatert 2.7.2018 

Takk til alle som var med på å gjere Sommarlandsprinten til ein stor kveld i Bø sentrum!

Resultata finn du her

Oppdatert 30.6.2018

Startnummer

Alle startnummer vert samla inn etter prologen. Løparar som går vidare etter prologen, skal likevel bytte startnummer. Nye startnummer i kvinneklassa blir 1 - 30. I herreklassa har løparane i finaleheata startnummer frå 101 - 130.

Oppdatert 30.6.2018

Startlister er lagt ut her.

Oppdatert 29.6.2018

Tildeling av Wildcards

På lagleiarmøtet i kveld ble vi einige om at tidene frå prologen kan bli ein faktor i tildelinga av wildcard. Ei rask prologtid kan altså gi plass i neste finalerunde.

Oppdatert 28.6.2018

Lagleiarmøte

Arrangøren IL Skarphedin inviterer til eit kort lagleiarmøte for Sommarlandsprinten fredag kl. 21.30 på Bø hotell.

Oppdatert 28.6.2018

Påmeldingslister

Liste over løparar som har meldt seg på innan fristen, er lagt ut her

Det er mogelegå melde seg på via EQ-timing fram til fredag 29.6 kl. 20.00. Ny kontingent: kr 300.

Oppdatert 26.6.2018

Justert trasé gjennom rundkjøringa

Pga. krav om trafikkavvikling vert løypetraséen gjennom rundkøyringa endra frå slik den har vore tidlegare år.

I prologen vil løparane gå i begge retningar på innsida av rundkøyringa. Det vil vere markørar mellom løyperetningane.

I alle finaleheata vil løpararne kunne velje fritt om dei vil gå på venstre eller høgre side av midt-rabattane.

Løypekart ligg under Informasjon til løparar.

Oppdatert 26.6.2018

Programmet for renndagen er oppdatert. Sjå Program for løparar.

Oppdatert 17.6.2018

Det vert likevel ikkje puljestart under prologen. Startintervall vil vere 15 sekund.

Developed by Aplia - Powered by eZ Publish and tellUsPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.